Endeleg, no skjer det noko her :-)

Magne skrev: No er me komen inn i ein slik fase at vi gjer bloggen *aktiv*. Vi vil komme med oppdateringar og foto så snart me er i rekkevdde for nett.

Og eg tar kritikken for å være for ‘bokmålig’ svært alvorleg, difor skriv eg slik eg gjer her…!

Som påtroppande mannskap må eg sei at eg gleder meg mykje til å komme ombord i båten.

Eg møtte skippern ansikt-til-ansikt for første gang på laurdag, og den viktige «kjemien» mellom oss satt svært godt!! Me har elles før berre hatt kontakt via Facebook og per telefon.

No er Jan Kåre sikkert framme i Mindelo. Eg har nokre småting og fiksa før eg onsdags morgon set meg på flyet til Malaga. Der skal eg besøke min gamle sjef og hans kone, dei bur i Torremolinos. Har lovd å besøke dei eit dusin gongar før, men no skjer det da, endeleg😀

Eg har lada opp med svære minnekort, så det vert heilt sikkert både bilder og video frå turen. Vil de ha beskjed når noko skjer her, så sjå til høgre der det er ei rute for å skrive inn E-postadressa di. Me kjem ikkje til å spamme!!

No ventar eg berre på livsteikn frå skipper Jan Kåre i Mindelo..

…og berre 48 timar til flyet går

Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.