Mannskapet er samla – Magnes første inntrykk av Mindelo/Kapp Verde Øyene

Magne skrev:
Etter ei omstendeleg reise fra Torremolinos via Lisboa via Sal -ohh puhh!! -landa eg endeleg i Sao Vicente og kunne gå ombord i CASSIOPEIA i Mindelo idag.
Skippern har vært opptatt med å fikse og rydde i båten så for meg vart det i staden ein liten fotosafari i byen. Eg har lest før at ein skulle være forsiktig med å fotografere folk uten tillatelse, – men opplevde meir eller mindre at dei kom springande etter meg, det var absolutt ingen problem å få tatt bilete av desse vakre folka. Slik ei livsglede, slike vakre menneske.
No er det dog slik at mange ser desse ‘kvite’ seglarane som SVÆRT rike, og alle vil ha ein liten bit av rikdommen. – Ofte heldt det med ein sigarett, i nokre tilfeller nokre myntar som tilsvarer ei krone eller to.
Første dag,  ja faktisk knapt desse 5 første timane, har vore fantastiske! Sjølv i denne lette brisen i marina-baren er det omlag 26 grader, og sola skin. Stemninga i marinaen er og fantastisk, – det er som om alle er godvener med alle. Det ligg omlag ein tredve båtar i havna, men Cassiopeia er, so langt eg veit, den einaste norske.
No er planen å stikka til ei strand for å bade….. – får derfor berre være rask i bildesorteringa her…. og sende dette berre som ei lita helsing frå skipper og mannskap på Cassiopeia!!
Sjå dagens bilder i galleriet på www.sycassiopeia.wordpress.com
Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.