Paradisdag 2 – Mindelo : «Memory card is full»

Magne skrev: -Etter ein hyggelig tur på byn igår, og ei god natts søvn i ei lett ruggande Cassiopeia, – våkna me atter til ein ny fin varm dag. So full av inntrykk at det var vanskeleg for meg å innsjå at eg har vore her i berre eitt døgn…

Ein god og kraftig bifflunsj på Club Nautico kosta heile 100 kroner, det inkluderte både nokre «ventepils» og ein Avec.

Deretter ein ny fotosafari, som etterkvart vart ganske so dramatisk: – Det var visst ikkje so veldig smart å dra fram kameraet på fiskemarkedet, eg vart direkte trua med fiskekniv og ei lang regle med sikkert ganske så sterke portugisiske gloser. Kan kanskje være glad for at eg ikkje forsto dei.

Men hjelpa var nær, den lokale ‘Ivala’ kom til og fekk roa gemyttet, – han forklarte meg at det var ‘litt farleg’ for slike som meg der, og tilbaud seg å hjelpe meg med nye, sikre fotomotiv. Så han vart leigt inn som guide og livvakt, – og visste seg å være ein god investering. Han tok meg med på nærmast hemmelige stader, slike stader alle reiseguider frårådar deg til å gå inn i. Der merka eg virkelig motstanden mot å bli fotografert, – men Ivala ordna opp: -Han hadde tydeligvis ein slags respekt og kjente alle, eit lite ord frå han og alle stilte opp som velvillige PR-kåte modellar! Eg fekk verkeleg ei oppleving for livet, og så vanvittig mange flotte bilder, av så vanvittig flotte folk, både barn og voksne. Eg treng tid til å organisere både inntrykk og bilde. For meg kosta det kr 120,- å redde helse og utstyr, – for Ivala tilsvarte dette omlag ei grei vekeløn.Og eg fekk ein ven som er kjekk å ha «when its going tough»…

Som eit lite signal fekk eg og meldinga «MEMORY CARD IS FULL» på kameraet… Då var det berre å rushe tilbake til båten å finna nytt. Fyrste gangen på mange år eg har fått ei slik melding. So langt har eg berre 600 eksponeringar………

Ombord på CASSIOPEIA har me også dei hyggelege Åse og Bjørn, og vi har ei fantastisk hyggeleg stemning her! I går hadde me heimekokt ‘Languster» – noko som er svært likt hummar, – berre at når Åse kokte dei og vi sat på båten og åt dei under stjernehimmelen; då var dei fantastiske!!!

Vi synst ikkje synd på oss sjølve her nede! –

Helsing frå dei lettare solbrente på CASSIOPEIA!

Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.