Flotte begivenhetsrike dager

Magne skrev: Berre ei kort oppdatering idag: – Vi sit no ombord i CASSIOPEIA med hyggeleg besøk ombord, Caroline og Jack, eit amerikansk par som ligg ved same kai. Dei har reist frå USA til Europa, og vidare til Kapp Verde i sin sjølvbygde båt. -Det kjem truleg ein reportasje om båten i «Seilmagasinet»….

I går leigte vi bil og kjørte rundt om på Sao Vicente, ein fantastisk tur, med mange fine sterke opplevingar. Meir om dette og bilde kjem seinare.

I dag har vi vært ute og fått lufta seila til Cassiopeia, vi gjekk ikkje så langt, men fann ei vik vi kunne ankre i. Vi fekk bada, sjøen holdt nokre og tjue grader, og Åse imponerte atter ein gong med sine gourmetkunsterferdigheter. «Meir om dette og bilde kjem seinare».

Det er ei fantastisk hyggeleg stemning i seilarmiljøet her. Mykje spennande interessante menneske, – og med eit slikt vær me har her, litt over +30C, så kan me ikkje klage!

Skippern sjøl😀 ::::

Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.