Avreisestemning i havnen, og ombord

Nå går trossene snart!

Magne skrev:

Torsdag kl 12 lokal tid skjer det. Trossene går, og CASSIOPEIA tøffer ut av havna, og kjem snart under segl. Vi har ofret en flaske vin til Neptun, og er mentalt klare til å komme oss utpå.

Dei siste dagane har vore brukt til å planlegge og proviantere. No når vi nett har fått verkeleg grep på provianteringa, så er me ferdige! Det er så mange ting ein skal tenka på når ein skal ut på ei havkryssing. Det vert veeeldig langt til land etterkvart, og det vi har gløymt når me er kome utpå er berre å gløyme for godt….

Frå markedshallen der frukt og grønnsaker vart kjøpt inn. De hadde mykje bananer der..

Vi har vore på mange forskjellige butikkar for å finna ut kven som hadde best av det og det. Og vi har bore vatn nok til å fylla eit svømmebasseng, – slik føles det iallfall.  Ein må tenkje ut ein slags meny og sørge for at vi har råstoff til det. Vi må planlegge etter holdbarhetsdato, – og vi må tenkje på at vi skal få nok i kroppen av både vitaminer, proteiner og, og… I salongen heng det nå grøne bananer i store klaser. Den gode prisen selgaren ga meg førte til at me har nok bananer ombord til å fø alle apene i Afrika…

Væskeinntaket er viktig. I tropevarmen går det med ein del liter per person per dag. og vi må sørge for å ha litt ekstra. Det er direkte livsfarleg å tabbe seg ut der. Den første øya vi skal til, paradisøya Fernando De Noronha er og berykta for eit ekstremt høgt prisnivå, så vi må tenke oss heilt fram til Natal.

Mange av desse båtane skal snart gå over Atlanteren

Rastlause båtar  og mannskap

Det store diskusjonsemnet seglarar imellom er vind og vær. Vi lastar ned «gribfiler» med  værdata frå nettet, og planlegg ruta etter det. Nå har det vore lite vind nokre veker, eller frå feil kant.  Nå har den velkjente passatvinden kome, og det rikelig nok. Alle båtane ligg og rykker i fortøyningane, dei masar om å få kome avgårde. Og mannskapa på båtane snakkar seg imellom, spør om avreiseplan og rute. Frå Mindelo er det ein del som går rett til Karibien, andre skal til Brasil, så sørover eller nordover mot Karibien. I havna ligg det båtar frå dei fleste land. Sjeldent at vi er dei einaste norske. Eit par store båtar har mange ombord, heilt opp i 10,  med ein miks av gamle og unge og forskjellige nasjonar. Ein gjer det til ein vane å snakke engelsk seg imellom i sosiale lag. Sjølv ‘Gøteborgere’ snakker man engelsk til her🙂 Og alle ser frem til å begynne den STORE TUREN over Atlanterhavet.

Mindelo-oppholdet er over for denne gang. Eg skal heilt sikkert tilbake hit ein gong. Folket her er veldig hyggelig, prisane fantastisk lave, – og ein kan leve godt med det klimaet som er her.

Neste stopp er Fernando De Noronha. Får me det til, vil vennebåtar med satelitt-telefon kunne senda ei kort helsing frå oss til bloggen. Då kan det være at innlegga her vert på engelsk.

Kapteinen er komfortabel med båt og mannskap, og har gode vibbar for det store krysset.

Ein sjøklar båt

SY CASSIOPEIAs mannskap, – skipper Jan Kåre, og hans styrmanns-kokk Magne – håper dere har hatt glede av å lese våre innlegg så langt, og vi kommer tilbake med flere inntrykksbeskrivelser senere!

Vi kaster trossene, og legger kursen mot første WAYPOINT.

Snart på gjensyn!

Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.