Interessante dagar i Natal + Styrmannens siste tur

Frå området ovanfor IATA CLUB, ikkje det tryggaste mrådet for bleike 'gringos'

Magnes siste innlegg:

Me la oss til i elva utanfor NATAL IATA CLUB, og trudde det skulle være så greitt, vi skulle jo få ligge der gratis eit par dagar før dei skulle ha pengar. Men det viste seg etterkvart å være eit mistak. For det dei skulle ha i avgift følte vi ikkje at vi fikk noko att for. Vi måtte ligge for anker, og var avhengig av gummibåten uansett. Strøket Yachtklubben ligg i er heller ikkje av dei beste: Vi vart advart om at det ville være direkte farleg å gå i gatene der etter mørkets frambrot. Det var også ekstra tungvint med at det kosta oss ei lita formue med taxi til PONTA NEGRA, der vi fant ut var ekstra koseleg, det vart mange turar dit. Vi undersøkte difor andre havnemogleikar.

Vi vart kjent med ein del nordmenn som bur i Natal, – vi vart tatt imot med åpne armar, og spesielt bør nevnast Knut Storvestre frå Vesterålen, som bur i Natal, har ei fantastisk vakker og hyggelig kone, og deira vetle sjarmerande son, Bjørn på 4 mnd. Dei åpna huset for oss, har køyrt oss på kryss og tvers gjennom Natal og omegn, og har gjeve oss bevertning som har vore av topp klasse.

Vi fant ut at vi skulle flytta oss til Pirangi, ein fin feriestad litt sør for Ponta Negra. Der kunne vi ligge gratis for anker, og nokre korallrev utanfor hindra at vi fekk mykje dønningar på oss. Dette vart også Magnes siste segltur med CASSIOPEIA i denne omgang, – og ja, det kunne ikkje enda annleis enn litt dramatisk, men mest komisk…😀

Vi hadde ankra opp utanfor BADAUE MARINA, og skulle i land med gummibåten. Vi tok sikte på stranda og var berre eit titallsmeter før vi var i land, på land sto Knut og venta på oss. Så starta han og vinka, og vi vinka tilbake, – ganske så uvitande om at han ville advare oss mot ei bølge som vokste seg opp bak oss, reiv tak i hekken på gummibåten og kasta den på høgkant. Eg vart kasta på hovudet i vatnet, slo hovudet i botn, og vart sitjande på kne lettare fortumla mens Jan Kåre ropte: -Mobilen!!! Mobilen, Magne!! Jaudå, den låg i bukselomma mi og fekk seg eit skikkeleg sjøbad. Eg fiska den opp, tok ut batteria og la på sprang mot restauranten for å få tak i ferskvatn. Betjeningen syns det var morsomt med denne gjennomvåte fyren som kom ropande og spurte etter ‘AGUA! AGUA’….. Eg fant veien til toalettet, og sto der og skylte mobilen i springen. Ein brasilianar såg litt skeivt på meg og flirte og sa: -Been there, done that…

Dette opptrinnet vakte litt humor, og plutseleg var me omringa av blide restaurant og marinafolk, og med Knut som tolk fekk vi forklart at vi var veldig velkomne der, – vi kunne ligge der gratis, og bruke dusj og andre bekvemmelighetar der.

Tirsdagskvelden måtte eg pakka saman for å dra heimover. Det var ganske så vemodig å ta farvel med båten, og skipper Jan Kåre. Vi har hatt ein FANTASTISK tur, og vi er blitt kjempegode vener på turen. Han har måtte leve med ein klondrian som minst ein gong gjorde nesten alle feilene, – men det har gått kjempebra, – og vi har hatt ei veldig god stemning ombord. Det har vore tett mellom ‘gullkorna’!

Ein fin båt med mykje sjarm: SY CASSIOPEIA

Eg kan difor på det sterkaste anbefale at de som vil ha ei spesiell oppleving og eit eventyr, – meld dykk på ei etappe med Cassiopeia!

Jan Kåre er dønn sikker som kaptein på båten, lærer villig vekk, og ja, det er ikkje plass til alle superlativa her! Han er og ein døråpnar som lett får kontakt med dei lokale, – dette har eg fått bevitna i dei 4 havnene me har vore i. Ta sjansen, gå for eit eventyr!

Eg takkar so mykje for meg, og takk for all god respons på mine innlegg. Eg har ein eigen blogg der de kan få fleire historier og bilder frå turen, – dette kjem etterkvart so fort eg får summa meg, – de finn historiene her.

Og til skipper, båt og nytt mannskap: Ha ei god reise vidare!

-magne

Dette innlegget ble publisert i Fra tur med CASSIOPEIA 2010-2011. Bokmerk permalenken.