Magnes tankar: Atlanterhavskryssing gjennomført

***    REDIGERT I 2017: Har også samla alle reisebreva mine frå turen her >> Heile turen…

 

I skrivande stund sit eg i salongen på Cassiopeia, som vuggar og ruggar slik ho har gjort i 12 dagar. Me er framme på Fernando de Noronha om eit par timar. Den karakteristiske siluetten er synleg, og me køyrer både full seglføring og motor for å koma  oss inn så snart som mogleg.

Me er langt sør for Ekvator, og sjøvatnet held 27.3 C – lufttemperatur vel noko over 30…

Eit lite attendeblikk på desse 12 dagane sidan me forlot Mindelo og Kapp Verde-øyane:

Avgangen frå Mindelo

Me likte oss veldig godt på Mindelo, både det hyggelige miljøet hos seglarane i Marinaen, og det hjertelege folket var vanskeleg å ta farvel med. Skipper Jan Kåre har vore ei god stund  der og har mange vener der. Det sto mykje folk på ’barflåten’  og vinka farvel til oss. Sjefen for marinaen, tyske Lutz, blåste i hornene, og vi kvitterte.

Så snart vi var ute av havneeområdet satte me segl, og tok peiling på første ’waypoint’, Nord 08 grader og Vest 28 grader.  Dette er eit punkt me var anbefalt å gå til før kurs vidare mot ekvator for å være sikra gode vind og straumforhold heile strekninga.

Sjøgang og første skremande vakt

Så fort me var forbi sørenden av Sao Vicente starta det: Bølger frå Afrika starta med å rundjule oss! Det vart ein verkeleg ild-dåpen for meg.  Å være om bord kan samanlignast med so mykje: Ei kontinuerlig berg og dalbane, å være inne i ei vaskemaskin, eller i ei tønne sluppe ned ein bratt bakke…. –Kva var det eg hadde rota meg borti no, tenkte eg… 😀

Med stødig kurs for BRASIL!!

Etter å ha vorten litt meir kjent med  navigasjonssystemet og seilføring på Cassiopeia vart det bestemt at eg skulle ta første ”mørke-vakt”, kl 21-01.

Sidan me var så nær kysten betydde det ei våken vakt. Det kunne være mange fiskebåtar i området. So der sat eg då: Langt ute på havet, i ei rullande skøyte mellom høge bølger. Fastspent med livline til cockpiten så eg ikkje skulle bli skylt eller falle over bord, – og stirra ut i mørke natta. (…og alt dette for at eg var så ’tøff’ og meldte meg på som 2. mann på ei havkryssing, og ikkje ville trekka meg!  Og plutselig så berre sat eg der, det heile verka litt surrealistisk..) Sat verkeleg og lurte på kva i h—- eg NO hadde roa meg borti……….

Livet om bord

Eg har tatt med meg fleire bøker eg tenkte eg skulle lesa. Har høyrt so mykje om laaange dagar ute på havet frå andre langturseglarar. Faktisk har det vorte lite lesing. Og det verste var at eg begynte på feil bok.: ”Madonnagåten” av Knut Nærum m/fl var verkelig noko dårleg å starte på.. Ellers er dagane fylt med gjeremål om bord, og til å sove. Med stadig rugging og vugging vert ein litt sliten, og varmen gjer det ikkje betre. Om natta går vi 4 timars vakter, og på dagtid så vekslar vi det sånn oss imellom.

Maten har vore førsteklasses heile vegen, og både eg og skippar kan skryte på oss at vi er ’flinke og kreative’ når det gjeld matlaging. No har vi snart brukt opp alle kombinasjonsmulighetar med det vi har av råstoff, – så  kanskje dagens middag vert ris og pasta med poteter..

Det å laga mat i mykje sjøgang er heller ikkje lett. Ein kan ikkje legga frå seg noko som helst på byssebenken. I neste sekund kan det være kasta over salongen og klint inn i skottet (veggen).

Ein må heile tida halda seg fast med ei hånd, MÅ ein bruke begge hendene, til dømes å skjære brød, brukar ein føttene og tar spenntak i interiøret,  mens ein nærast ligg over benken. Rett som det er er det ei bølge som sender båten skikkeleg over, og då er det berre å slippa det ein har i hendene og halda seg fast.

Komfyren om bord heng i ein slags gyro, og er alltid vannrett i forhold til tyngdekreftene. Nokre gongar så heng den rett ut frå benken. Og vi heng etter fingrane i gripekanten!

Nei, ikkje so ille heile tida   – berre verre nokre gongar 😀

Eg har baka brød 2 gongar so langt, og det har vore suksess begge gongane.

Slik bakar ein brød ute i Atlanteren, –  m/oppskrift

-Litt av det tyske grovmelsbrødet og litt av det fine kveitemjølet frå Mindelo blandast saman.

Så tar ein ’litt’ lunka vatn, har oppi ’litt’ honning, litt olivenolje og litt salt oppi der. Blandar dette saman, eltar det ei god stund. (Husk riktig sikring med eine foten mot sofa og den andre mot oppvaskbenk, støtt hofta mot benken…)delast i 4 eller 5 brød, desse formast til og vert lagt i steikepanna (..som må sikrast i oppvask-kummen..) La det heve til gass-stekeovnen har nådd 175 grader, steikast i ca 30 minutt og til det er fin brun skorpe. NAM-NAM!!

Om båten:

Cassiopeia vart bygd i 1985. Jan Kåre overtok den for 10 år sidan, og har gjort mykje med den. Fin innredning er det, og endåtil fliser med oppvarming i gulvet på badet!! Det er sjeldent om bord i ein båt.

Båten er 29 fot lang, den har og eit baugspyd  som gjer at den er over 36 fot lang, det eg trudde at berre skroget var før  eg mønstra om bord. (Dette gjer til at det er enda gjevare å vite at eg har kryssa Atlanterhavet i ein 29 fots båt!)

I forpiggen er det to soveplassar, så kjem badet med toalett og dusj, badet er flislagt og det er varme i gulvet. Salongen er storrommet i båten, her ligg og bysseløsning med gyro-komfyr dreven av gass. Under cockpit-benkane er det to innstikkskøyer ein entrar frå salongen.

I sjøen er det som regel sofaen i salongen som vert nytta av frivakta.

Båten har,  for lekfolk,  mange likhetstrekk med ei Colin Archer skute, ikkje minst pga alt treverket på overbygning, dekk og interiør. Den er også ganske brei i forhold til lengda.

I sjøen er ho veldig sikker. Det er bortimot umogleg å kullseila. På ei vakt hadde eg mykje brottsjø frå akter, kong Neptun ville flørte med Cassiopeia og sendte ei svær brytande bølge mot hekken. Eg forberdte meg på å verta ganske so våt, og heiv meg mot dørene til salongen for å lukka dei..Cassiopeia svarte kontant: Svingte med hekken ned av vinden og stakk av som ei anna luremus…

Det er ikkje enkelt å segla denne båten. Gaffelriggløysinga er tung å rigge, og ho er kresen på seilføringa. Under overfarten har vi i store trekk seila med ”spridd klyver” og revet storseil. Klyver er forseilet, det er skore på ein karakteristisk måte for gaffelrigga båtar, med ”høg skjæring i underkant”.

No er vi kome fram til Fernando de Noronha, vi har lege for anker i natt. Det er litt dønningar, men merkar knapt til det. Vi har gått med rakettfart frå Kapp Verde-øyane og hit. Vi har brukt 2 døgn mindre enn den minste tida kapteinen rekna med. Og alt har gått kjempefint med både båt og mannskap.

Korsang er veldig populært hjå dei lokale sangfuglane på Sao Pedro-klippene

Eit høgdepunkt var besøket på Sao Pedro, les meir her, eller kapteinen sitt lesebrev om det. Vi var kjempeheldige som fekk kome i land der. Sjefen for forskningsstasjonen innhenta tillatelse frå høgste hald i den Brasilanske marine for at vi skulle kunne vitja dei.

No ligg vi med ”karanteneflagg”, det må vi ha inntil vi har innklarert båten hjå myndighetane. Karanteneflagg hadde me ikkje om bord, men dei nyinnkjøpte gule vaskeklutane hadde akkurat rett farge og storleik, så eigentleg ligg me her og flaggar for at båten treng ein vask!

Det ligg og nokre andre båtar her me møtte på Mindelo, alt ligg til rette for nokre opplevelsesrike dagar her. Vatnet er krystallklart azurgrønt, held 27,3 grader og freistar mykje for snorkling og bading.

Nei, det er slett ikkje synd på oss her!

Legg igjen en kommentar